Bø Normisjon
Innsamling til Bedehusfornying - gjevarteneste
I løpet av det siste året har Bø Bedehus blitt utvida og rehabilitert og framstår nå som eit moderne og funksjonelt forsamlingshus med rom for aktivitet for alle aldersgrupper, og vi ser resultatet av eit både dristig og nødvendig fornyingsprosjekt.
Årsmøtet i Bø Normisjon fatta våren 2008 dei nødvendige vedtak. Bedehusprosjektet hadde som føresetnad å samle inn 2,9 millionar kroner. Resten av kostnaden var basert på noko eigenkapital og mykje dugnad. Både gjevargleda og dugnadsinnsatsen har vore formidabel, og resultatet framstår nå i all si prakt oppe på Langkåshaugen. Huset er tatt i bruk og inviterer til stor og allsidig aktivitet.
I desse dagar er vi i ferd med å nå den opprinnelege målsettinga om å samle inn 2,9 mill. kroner.
Det er heilt fantastisk, og vi er stor takk skuldig til alle gjevarane. Folk har tydeleg stort hjartelag for dette huset.
Så er det likevel slik at dette praktfulle bygget har kosta ein god del meir enn det ein kalkulera med i utgangspunkt. Det kjem av at det er gjort forbetringar undervegs, i tillegg til at kostnaden generelt har vorte høgare enn det eit relativt enkelt kostnadsoverslag la opp til. Vi konstaterer likevel at vi sit att med eit fantastisk bygg som verkeleg er verdt denne investeringa.
For å fullføre byggeprosjektet har Bø Normisjon teke opp lån på 1,5 millionar kroner, og dette er pengar som skal betalast attende, helst snarast råd. Vi kjenner oss likevel trygge på at det skal gå bra.
Så er det slik at vi treng hjelp for å få dette til. Det seier seg sjølv at vi alt har fått rause gåver, og det er ikkje berre lett å halde fram med å utfordre gjevarglede og engasjementet. Likevel har vi tru for at du vil vere med på å fullføre dette viktige prosjektet. Konkret ber vi deg vere med på ein fast gjevarteneste. Bygda vår og folket treng Bedehuset. Fint er det også å kunne løfte i flokk.
Kor mykje du kan avsjå kvar månad, må sjølvsagt bli opp til den enkelte. Både store og små gåver er både kjærkomne og nødvendige. Vi takkar også hjerteleg for enkeltbeløp. Det kan også vere verdt å ta med seg at gåver til Bedehuset gjev betydeleg skattereduksjon. Takk for at du vil vere med. Sjå gjerne på dette engasjementet som ein ekstra dugnad for ei stor og viktig sak. Innsamlingsnemnda sitt bankkontonr. er 2630.30.60099.
Du vil finne avtaleskjema for gjevartenesta HER. Skriv det ut. Fyll ut skjemaet, skriv under og returner det til Innsamlingsnemnda si adresse.
(Står på skjemaet) Få skjemaet som word-fil trykk her!
Har du spørsmål kan dei rettast til nemnda sin kontaktperson som er John Tveita, tlf. 35 95 11 05 eller mobil 990 16 329.
E-postadresse: johntveita@hotmail.com